søndag 5. juni 2011

Det handlar ikkje om sidemål!

Finn Erik Vinje skriv om at norsklærarane endelig byrjar å "røre på seg" . Han siktar naturligvis til oppropet mot skriftlig sidemålsstil der 600 norsklærarar frå 93 ulike skular har skrive under. Men eg vil så gjerne presisere igjen - dette handlar ikkje om sidemål, det handlar om nynorsken. Det er nynorsken folk meiner er unyttig. Eg vil at vi skal kalle ein spade for ein spade her. I innlegget mitt under skriv eg at vi burde avskaffe omgrepet "sidemål", men før det blir slik eg ønskjer - så vil eg vise til denne sida med 18 argument for skriftlig nynorsk sidemålsopplæring. Ikkje alle argumenta er like gode - men eg vil gjerne sitere tre av dei som verkelig er relevante:

"Du aukar ordtilfanget ditt med å læra to skriftmål. Dei fleste orda i nynorsk kan du òg bruka i bokmål.

Å læra å skriva nynorsk gjer det lettare å forstå og lesa bøker på nynorsk. Breid tileigning av målet er viktig.

Setningslære. Nynorsken øver elevane opp i å skriva stuttare og meir oversynlege setningar. Det hjelper dei òg til å skriva eit betre bokmål."

Vinje skriv at elevane gløymer at det heiter "å vere" frå den eine dagen til den andre. Det er mykje vi lærer som vi gløymer frå ein dag til ein annan, men ofte kjem vi på det viss vi får bruk for det. Og "bruk for"-argumentasjonen med nynorsken, er det uansett ikkje mykje vits å snakke om. Noen får bruk for det, men dei fleste ikkje. Eg har hatt lite bruk for kunnskapen om bergartar etter eg vart vaksen, men eg er ikkje sur for å ha lært det.

I 2006 skreiv eg ei hovudfagsavhandling om lærarskulestudentar og haldningar til nynorsk som sidemål i skulen. Eg blir litt trist av dette oppropet, kva gjør det med elevane sine haldningar? Nynorsken har ein plass i opplæringa framleis, etter mi meining. Men dei som meiner det motsette, bør seie det rett ut - det er nynorsken folk vil "til livs", ikkje sidemålet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar